onsdag 30. september 2009

Hypertekstualitet og hypertekstforteljing

Slik eg oppfattar oppgåveteksten, kan eg velje mellom å reflektere rundt hypertekstualitet, interaktivitet eller multimodalitet. Mine refleksjonar gjeld då hypertekstualitet.

Ein skal ikkje ha navigert lenge på nettet før ein blir stilt overfor fenomenet hypertekst. Jon Lanestedt definerer hypertekst slik: "Hypertekst har vi når elektroniske dokumenter inneholder kryssreferanser - koblinger (eng. "links") - i eller mellom dokumenter. En kobling aktiviseres ved å klikke på den, og maskinen henter fram dokumentet i den andre enden av koblingen."

På 3.trinn, der eg underviser, opplever eg det som utfordrande å late elevane manøvrere mellom lenkjene i ein hypertekst, som Kristin Bakke Sæterås også påpeikar i leksjonen "Tekst 1 - Tekstskaping med IKT": Elevane kan "hamne på ville vegar". Læraren bør difor etter mitt syn styre elevane når det gjeld kva sider dei skal "bevege seg" på på internett. Med aukande alder kan ein gradvis gje elevane meir ansvar for å klikke på relevante lenkjer

Det finst gode læringsressursar som gjev elevane øving i å følgje relevante lenkjer for å tileigne seg kunnskap om ulike emne. Eit døme på dette er http://www.steinalder.no/. Frå hovudsida kan elevane velje mellom ulike tema frå steinalderen, og også inne i desse tema finst det lenkjer der dei kan få endå meir informasjon.

Eg tykkjer det var interessant å lese om hypertekstforteljingar. Eg trur at dette må vere ein motiverande måte å skrive forteljing på. Ved at innleiinga er skriven på førehand, kjem dei i gong med skrivinga. Det interessante her er at forteljinga ikkje er ferdig ein gong for alle, men at elevane får påverke korleis forteljinga skal utvikle seg, både medan dei skriv, men også under lesinga.
________________________________________________________________________________

Kjelder:
Definisjon hypertekst av Jon Lanestedt tigjengeleg på www.apollon.uio.no/vis/art/1994/6/hypertekst
Sæterås, Kristin Bakke (2009): Tekst 1 - Tekstskaping med IKT

Hypertekstuelle læringsressursar og elevarbeid:
http://www.steinalder.no/ utvikla av Arkeologisk museum i Stavanger og Arkikon
www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/
http://pluto.hive.no/pluto2003/hhaugest/norsk/hyptekst/index.htm
http://norsk.barneblad.no/

mandag 21. september 2009

Øvingsoppgåve 3

Gruppe 6, Espen, Kim Daniel, Kristine, Magnar og Marit, har synleggjort diskusjonen rundt rolla dataansvarleg på skulen i dette dokumentet: https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?docid=0AQp6GF01asABZHRzdGNibV8xY2Y4cWRwaHE&hl=en&invite=CKTK2P8H

fredag 18. september 2009

Øvingsoppgåve 2

Fyrste gongane eg sette meg ved datamaskina for mange år sidan, hadde eg både interessante og frustrerande opplevingar. Det var kjekt å skrive på data og bruke ulik programvare. Men eg kunne ikkje forstå kvifor eg skulle trykkje på noko som heitte "fil" kvar gong eg skulle skrive ut eller lagre noko. Det var heilt uforståeleg, og det var viktig for meg å forstå kvifor eg gjorde det eg gjorde. Det er det for så vidt endå, men eg lærer litt etter litt, også eg.

På fyrste samling fekk vi vite at alt som ikkje er plast og metall, er filer, viss eg forstod det rett. Då tenkjer eg at det er noko vi ikkje kan ta og kjenne på, altså noko abstrakt. Ein kan sjå på skjermen det ein har skrive, og ein kan også skrive det ut og halde det i handa. Men eg er ikkje så sikker på om ein kan finne det att dersom ein skrur opp maskina og kikar inni...

Siste timen eg hadde med elevane mine før fyrste samling, hadde vi "datatime", det var altså vår tur til å ha pc-ane. Eg har 3.klasse i år, og eg synest det er meiningsfylt å la dei skrive på pc. Tekstane deira blir ryddige, alle bokstavar er leselege, og i tillegg er det fint at dei får skrive saman på pc, gjerne to og to saman. Eg har tru på at dei lærer av kvarandre.

Når det så kjem til lagring av filene, synest eg det er meir krevjande. Mange av elevane er sjølvsikre og trygge på kva dei kan og er kanskje ikkje så viljuge til å høyre på råd. Då kan filene forsvinne. Eg har løyst det ved å gå frå elev til elev og lagre for elevane.

På vår skule har vi eit eige område for elevarbeid på ein server. Elevane treng ikkje logge seg inn for å få tilgang til dette. Dermed kan filene deira lett hamne på feil plass og vere vanskelege å finne att. Men er det lettare å halde orden på eige arbeid dersom kvar elev må logge seg inn med brukarnamn og passord? I alle fall kan ikkje elevane gå inn og endre andre sitt arbeid.

Elles har eg på fyrste samling hatt både interessante og frustrerande opplevingar, så då er vel det meste som det skal vere...