onsdag 21. april 2010

Informasjonskompetanse 3 - øvingsoppgåve 1

I dette innlegget vil eg prøve å svare på spørsmåla i episode 1 i nettspelet Den store reisen, laga av forfattaren Tor Edvin Dahl, Jan-Arve Overland og to bibliotekarar frå HiBu. Her er noko av det eg kom fram til:

1. Nairobi.
Her søkte eg i Kvasir, der eg først nytta søkjeordet "ngong". Eg fann der ut at Ngong ligg nær Nairobi. For å vere sikker, søkte eg også på ngong, meryl streep. Då fekk eg stadfesta informasjonen. Fordi eg kjende til filmen "Mitt Afrika", bygd på boka "Out of Africa" av Karen Blixen, var ikkje dette spørsmålet så vanskeleg.

2. Washington DC.
For å finne ut dette, nytta eg flightnummera til Torvald. Flightnr. BA64 fører han til London. Å finne målet for neste etappe, dit han skulle kome med flightnr. BA217, var verre. Eg enda opp med å Google British Airways og kom etter kvart fram til ei side der eg kunne finne ut om reisa var kansellert pga. vulkanutbrotet eller ikkje. Her fann eg ut at målet for reisa må vere Washington DC.

3. Dette spørsmålet tykte eg var vanskeleg. Kva meiner ein med "to ruller fuglefjell"? Eg har søkt i Kvasir, Store Norske Leksikon m.fl., men ikkje forstått noko av dette. Eg satsar på Tromsø fordi det er snakk om at det byrjar å mørkne. (Mørketid?) Her strekte ikkje min informasjonskompetanse til. Eg er mottakeleg for kommentarar...

4. Ifølgje leksjonen "Informasjonskompetanse 3" av Overland, bør ein bruke søkjemotor m.a. når ein har eit smalt omgrep ein er på jakt etter. "Heitapott" må vel seiast å vere eit smalt omgrep, så også her nytta eg søkjemotoren Kvasir. Utanom eit par studiebloggar frå i fjor, kom eg over mange sider på islandsk. Svaret på spørsmålet må då bli Reykjavik. Dersom eg var elev i barneskulen, ville eg truleg ikkje forstå så mykje av dette.

Eit nettspel av denne typen trur eg vil verke motiverande, sidan elevane her får praktisk erfaring med nettsøk. I leksjonen "Informasjonskompetanse 2" rår Overland til at vi lærer elevane at det siste ein gjer når ein skal vere på nettet, er å Google. Av eiga erfaring veit eg at det truleg er det første elevane vil gjere her. Og som ein ser i mitt forsøk på å svare på spørsmåla, Googla også eg, når eg ikkje fann svaret andre stader.

Om nettspelet det her er snakk om, vil fungere, er etter mitt syn avhengig av alderen til elevane og korleis ein legg opp arbeidet med det. Eg trur det kan høve for elevar frå 5.trinn, dersom ein går sakte fram. Då ville eg la elevane svare på spørsmåla i grupper, slik at dei kan diskutere det dei finn ut undervegs. Eg ville også la dei jobbe med berrre 1-2 spørsmål i veka over ein periode slik at dei får den tida dei treng til å vurdere kjeldene, t.d. etter kriteria TONE, som er utvikla av bibliotekarane Siv Marit Ersdal og Birgithe Schuman-Olsen:
TONE står for fire viktige nøkkelord som du kan bruke når du skal vurdere en informasjonskilde:
  • Troverdighet:    Er kilden sikker?
  • Objektivitet:     Er kilden nøytral?
  • Nøyaktighet:    Finner du slurv og juks?
  • Egnethet:         Kan du finne de svarene du trenger?
Eg synest dette er ein oversiktleg modell for kva ein skal sjå etter og tenkje over når ein skal vere kjeldekritisk. Som med det meste ein skal lære, bør ein byrje i det små og så byggje vidare på det ein har lært. Når det gjeld "troverdighet" kunne ein då byrje med at elevane må finne forfattaren til internettkjelda og sjekke om vedkomande har referansar til det han eller ho har skrive. Seinare kunne ein gå vidare på å studere strukturen til ei nettadresse osv.

Sjølv synest eg nettspelet var utfordrande nok for meg, eg brukte mykje tid på å finne fram til svara. Dette viser etter mitt syn endå ein gong at nettsøk er krevjande, informasjonskompetansen kjem ikkje av seg sjølv.

__________________________________________________________________________________

Kjelder:
Overland, J.: Leksjonane Informasjonskompetanse 2 og 3.

søndag 18. april 2010

Geotagging

I dette innlegget vil eg vise korleis eg gjekk fram då eg skulle geotagge to av bileta mine. Bileta blei tekne på Ulstein i samband med M2 i DKL 101. Eg merka dei to bileta og lasta dei opp i nettalbumet, som vist på dei første skjermkutta her:









Etter å ha lasta opp bileta, klikka eg på "Add location" på det første biletet og plasserte plassmarkøren på rett plass på kartet, som vist på neste skjermkutt. Eg valde satellittvising for lettare å finne rett plassering:





Eg gjekk fram på same måte då eg geotagga det andre biletet, og lenke til minialbumet finn du her: http://picasaweb.google.no/ulmaritt/Mappeoppgave2#

Animasjonsfilm

På siste samling på studiet fekk eg vere med på å lage animasjonsfilm i lag med nokre av medstudentane mine, Beate, Kim-Daniel, Øyvind og Stian. Vi fekk ein frist for når vi skulle vere ferdige, og vi innsåg fort at dette måtte bli eit "hastverksprodukt". I starten sette vi opp både individuelle mål og mål for gruppa. Etterpå skreiv vi eit enkelt manus og eit like enkelt storyboard. Vi valde eventyr som tema, der vi bygde vidare på "Prinsessa som ingen kunne målbinde". Som i eventyret, klarer Espen oppdraget, men blir her snytt for prinsessa og halve kongeriket. Filmen kan du sjå her:



Vi hadde det kjekt på gruppa medan vi laga filmen, og eg fekk litt innsikt i korleis ein lagar animasjonsfilmar ved hjelp av "Movie maker", som vi gjorde her. Eg vil heilt sikkert kunne lære meg å bruke dette verktyet med tanke på å lage animasjonar i lag med elevane mine. Den største utfordringa vil nok vere tida. Ifølgje Kunnskapsløftet skal elevane nå mange kompetansemål i løpet av eit skuleår, og denne arbeidsmåten er tidkrevjande, særleg med ein heil klasse. Men samtidig kan denne arbeidsmåten nyttast for å nå mange av kompetansemåla, t.d.:
  • lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde (norsk 4.tr.)
  • bruke sang, musikk og bilder i framføringer og presentasjoner (norsk 7.tr.)
  • beskrive og gjennomføre spegling, rotasjon og parallellforskyving (matematikk 7.tr.)
Som vi også fekk sjå på samlinga, i filmen der ein konstruerer ein 60 graders vinkel, er animasjon fint å bruke til å lage instruksjonar, og i alle tilfelle der elevane skal lage forteljingar, er det å lage animasjonsfilm ein fin arbeidsmåte, vel å merke viss ein har utstyret og ressursane ein treng.

onsdag 14. april 2010

Tenkjeverkty 2, Koschmann-kategoriar og Hutchings kube

I dette innlegget prøver eg først å plassere eitt program i kvar Koschmann-kategori.

I den første kategorien, Computer-Assisted Instruction (CAI), høyrer program der eleven får oppgåver å svare på, etterfølgt av ei positiv eller negativ tilbakemelding, avhengig av om svaret er rett eller feil. Eit eksempel på eit slikt program er Stairs frå Cappelen Damm, ein nettstad som er laga til engelskverket med same namn.

Information Processing Theory (ITS) er den andre kategorien. Denne kategorien tykte eg var den vanskelegaste å finne døme på programvare til. Etter å ha arbeidd meg gjennom leksjonen "Tilpassa opplæring", enda eg opp på TextPilot, som er eit skrivestøtteprogram for dyslektikarar. Reklamen seier: "TextPilot analyserer det du skriver, og lærer deg å kjenne. Erfaringene lagres i systemet og blir tatt med i beregningen når TextPilot skal foreslå ord i stavekontrollen, eller i prediksjonsverktøyet. Jo mer og lengre du har brukt TextPilot, jo mer personlig støtte vil det gi deg."

"Logo-as-Latin" er den tredje kategorien, i leksjonen endra til "Tenkeverktøy/Mindtools". Ifølgje leksjonen "Tenkeverktøy 2, skal dette verktyet "[...] tillate den lærende å konstuere sin egen kunnskap [...]" Her vil eg føreslå Bridge Construction set. Ved hjelp av dette programmet kan ein byggje bruer over t.d. elvar, simulere og "prøvekøyre" dei etterpå for å undersøkje om dei toler trafikk.

Den fjerde og siste kategorien i tabellen er "Computer-supported collaborative learning (CSCL). Her handlar det om samarbeidslæring, og i denne kategorien vil eg plassere t.d. Google Dokumenter. Ved hjelp av dette verktyet kan fleire personar skrive i same dokumentet/reknearket/presentasjonen. Trua på at ein lærer betre saman, står, som Kjell Antvort skriv i leksjonen, sterkt her.

Eg synest det er vanskeleg å plassere programma i modellen til venstre, "Hutchings kube", men eg vil prøve. I programmet frå Stairs får eleven gjere noko, men kreative løysingar på oppgåvene han får i programmet, blir møtt med ei "kald skulder". Det er ikkje eleven som har kontroll over oppgåva han står overfor, så dette programmet vil eg plassere langs z-aksen.

I skrivestøtteprogrammet TextPilot får eleven også gjere noko, i tillegg er han meir deltakande i skriveprosessen sin. TextPilot vil eg dermed plassere i øvre venstre hjørnet. Eg er litt i tvil her, alternativet ville vere å plassere det i øvre høgre hjørnet, sidan ein kan seie at eleven med dette programmet blir mindre avhengig av læraren si støtte, han kan vere meir sjølvstendig i arbeidet sitt.

Bridge Construction set let eleven konstruere sin eigen kunnskap. Dette programmet høyre heime i øvre høgre hjørnet fordi eleven får vere aktiv og kreativ, og han har kontrollen i læringsprosessen.

Google Dokumenter vil eg også plassere i øvre høgre hjørne, av same grunn.

Eg kjenner meg ikkje trygg på at eg har forstått denne kuba rett, det var ei utfordring for meg å få programma eg har valt, til å passe inn i kuba.

___________________________________________________________________________

Kjelder:
Antvort, Kjell: Leksjonen Tenkeverktøy 2

mandag 5. april 2010

Informasjonskompetanse 2 - oppretting av informasjonsnav

I løpet av dette studieåret har eg fått lære å bruke mange ulike digitale verkty, og det har til tider vore krevjande å setje seg inn i nokre av dei. No har eg oppretta eit informasjonsnav ved hjelp av RSS-lesaren Netvibes. Det gjekk greitt å opprette dette informasjonsnavet, men for meg tok det litt tid å setje seg inn i verktyet og funksjonane som ligg der. Det var overveldande med det same, og eg måtte vurdere kva eg ville ha med vidare og kva eg ville fjerne. Her er to skjermkutt av mitt første informasjonsnav:


 
Etter å ha utforska verktyet og utforma sida mi slik eg ville, ser eg heilt klart moglegheiter for bruk i skulen. Også mine 3.klassingar vil ha nytte av å bruke verktyet når dei skal søkje etter informasjon. Her kan eg leggje inn RSS-straumar frå internettkjelder eg meiner dei kan gjere seg nytte av. Eg kan avgjere på førehand kvar eg ønskjer dei skal søkje etter informasjon. Eg kan velje å leggje inn RSS-straumar på spesifikke søk, som eksempelet i leksjonen, der ein har lagt inn eit søk på "klima" i søkjemotoren Kvasir. Ved å leggje snarveg til den opne Netvibes-ressursen på skrivebordet på elevpc-ane er det lett for dei å finne fram når dei skal søkje etter informasjon. Eg ville ikkje lagt inn for mange ulike funksjonar til å begynne med, men byggje det gradvis ut etter kvart som elevane blir kjende med verktyet.

Noko som er negativt her, er at det ikkje er alle nettsider som brukar RSS, så langt eg kan sjå. Det kan difor vere tidkrevjande å leggje inn relevante RSS-straumar. Men straks det er gjort, er det etter mitt syn eit godt verkty. Meirverdien ligg m.a. i at læraren kan styre kvar elevane søkjer etter informasjon, det blir lettare å finne relevant informasjon, elevane slepp å stå overfor dei enorme mengdene med søkjeresultat som dei får når dei "googlar". I tillegg er RSS-straumane fri for spam og pop-opp-vindauge.

Netvibes er eit verkty eg godt kan tenkje meg å ta i bruk også privat.

_____________________________________________________________________________

Kjelder:

Overland, J.-A.: Leksjonen "Informasjonskompetanse 2 - DKL102 våren 2010"