onsdag 14. april 2010

Tenkjeverkty 2, Koschmann-kategoriar og Hutchings kube

I dette innlegget prøver eg først å plassere eitt program i kvar Koschmann-kategori.

I den første kategorien, Computer-Assisted Instruction (CAI), høyrer program der eleven får oppgåver å svare på, etterfølgt av ei positiv eller negativ tilbakemelding, avhengig av om svaret er rett eller feil. Eit eksempel på eit slikt program er Stairs frå Cappelen Damm, ein nettstad som er laga til engelskverket med same namn.

Information Processing Theory (ITS) er den andre kategorien. Denne kategorien tykte eg var den vanskelegaste å finne døme på programvare til. Etter å ha arbeidd meg gjennom leksjonen "Tilpassa opplæring", enda eg opp på TextPilot, som er eit skrivestøtteprogram for dyslektikarar. Reklamen seier: "TextPilot analyserer det du skriver, og lærer deg å kjenne. Erfaringene lagres i systemet og blir tatt med i beregningen når TextPilot skal foreslå ord i stavekontrollen, eller i prediksjonsverktøyet. Jo mer og lengre du har brukt TextPilot, jo mer personlig støtte vil det gi deg."

"Logo-as-Latin" er den tredje kategorien, i leksjonen endra til "Tenkeverktøy/Mindtools". Ifølgje leksjonen "Tenkeverktøy 2, skal dette verktyet "[...] tillate den lærende å konstuere sin egen kunnskap [...]" Her vil eg føreslå Bridge Construction set. Ved hjelp av dette programmet kan ein byggje bruer over t.d. elvar, simulere og "prøvekøyre" dei etterpå for å undersøkje om dei toler trafikk.

Den fjerde og siste kategorien i tabellen er "Computer-supported collaborative learning (CSCL). Her handlar det om samarbeidslæring, og i denne kategorien vil eg plassere t.d. Google Dokumenter. Ved hjelp av dette verktyet kan fleire personar skrive i same dokumentet/reknearket/presentasjonen. Trua på at ein lærer betre saman, står, som Kjell Antvort skriv i leksjonen, sterkt her.

Eg synest det er vanskeleg å plassere programma i modellen til venstre, "Hutchings kube", men eg vil prøve. I programmet frå Stairs får eleven gjere noko, men kreative løysingar på oppgåvene han får i programmet, blir møtt med ei "kald skulder". Det er ikkje eleven som har kontroll over oppgåva han står overfor, så dette programmet vil eg plassere langs z-aksen.

I skrivestøtteprogrammet TextPilot får eleven også gjere noko, i tillegg er han meir deltakande i skriveprosessen sin. TextPilot vil eg dermed plassere i øvre venstre hjørnet. Eg er litt i tvil her, alternativet ville vere å plassere det i øvre høgre hjørnet, sidan ein kan seie at eleven med dette programmet blir mindre avhengig av læraren si støtte, han kan vere meir sjølvstendig i arbeidet sitt.

Bridge Construction set let eleven konstruere sin eigen kunnskap. Dette programmet høyre heime i øvre høgre hjørnet fordi eleven får vere aktiv og kreativ, og han har kontrollen i læringsprosessen.

Google Dokumenter vil eg også plassere i øvre høgre hjørne, av same grunn.

Eg kjenner meg ikkje trygg på at eg har forstått denne kuba rett, det var ei utfordring for meg å få programma eg har valt, til å passe inn i kuba.

___________________________________________________________________________

Kjelder:
Antvort, Kjell: Leksjonen Tenkeverktøy 2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar