søndag 14. mars 2010

Generasjon.com

Etter å ha lese boka Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge av Elise Seip Tønnessen, vil eg reflektere rundt noko av det ho har teke opp i dei tre første kapitla.

Læraren og skulen si rolle
Det er grunn til å tenkje gjennom kva for rolle vi lærarar og skulen som institusjon har i dette landskapet. Tønnessen spør om "[...]skolen burde opptre som en motkultur [...], eller om den burde bygge videre på de unges mediekompetanser fra fritidskulturen og utnytte dem pedagogisk". (s.22) Eg meiner det siste. Ho skriv også: "De unge møter mediene med både hode og hjerte, og det de har sterke følelser for, er det større muligheter for at de mestrer." (s.20) Ho snakkar også om motivasjon: "Langt på vei kan vi si at unge mediebrukere mestrer det de er motivert for, og da kommer fascinasjonen inn som en viktig drivkraft." (s.42) Mi erfaring er at elevane er meir motiverte for læringsarbeid når dei får bruke digitale verkty, ja, elevane tenkjer kanskje ikkje alltid over at dei er inne i ein læringsaktivitet når dei sit framfor pc-en. Å skape motivasjon for læring hos elevane våre, er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som lærarar. Det er dessutan viktig at vi som lærarar er bevisste på meirverdien ved bruk av digitale verkty, m.a.o. kva vi vil med desse verktya, kva målet for læringsarbeidet er.

Gutar og mediebruk
Det har vore mykje fokus på gutar og deira prestasjonar i skulen, der gutane har gjort det dårlegare enn jentene på fleire område. Tønnessen har saman med Eva Maagerø skrive boka Å lese i alle fag. Her skriv dei på s.17 m.a.:

"Når vi stadig hører påstanden om at jenter leser mer enn gutter, gjelder det først og fremst kontinuerlige tekster, og særlig skjønnlitteratur. [...] For guttene derimot ligger resultatene på samme nivå for begge teksttyper. Dermed er forskjellen i gutters og jenters leseferdigheter mye mindre for diskontinuerlige tekster."

Tilbake til Generasjon.com, ser gutane, ifølgje Tønnessen, i langt større grad enn jentene på pc-en som eit underhaldningsmedium. Dessutan brukar dei ivrigaste gutane pc-en til eit breiare spekter av funksjonar enn jentene. (s.39) Ho skriv dessutan: "Dataspillene ser ut til å tilføre medielandskapet noen nye sjangrer og fortellingsmønstre som særlig har interesse for guttene." (s.53)  Dette bør ein gripe tak i og prøve å utnytte gutane sin digitale kompetanse i læringsarbeidet deira. Med pc-en sitt inntog i skulen har vi fått t.d. hypertekstforteljinga som sjanger. Dette må vel seiast å vere ei diskontinuerleg forteljing i den forstand at gangen i forteljinga ikkje er gitt på førehand. I dataspela finn ein også slike diskontinuerlege tekstar i t.d. beskjedar dei får undervegs.

Gutane profiterer også på at "[...] dataspillene tilfører en handlingsdimensjon som utfordrer strategiske evner på en annen måte enn fortellingene i levende bilder."(s.53) Elevane kan ved bruk av pc "[...] uttrykke seg gjennom bilder, animasjon, lydmiks osv." (s.21) Dette vil appellere til gutane fordi dei får handle gjennom å produsere t.d. samansette tekstar som t.d. teikneseriar, filmpresentasjonar med tekst, bilete og lyd, som vi har teke for oss tidlegare i studiet.

Engelsk og digitale verkty
Dei unge må ved bruk av t.d. sosiale media og dataspel forhalde seg til engelsk som kommunikasjonsspråk. Dette vil dei etter mitt syn profitere på i skulen. Sjølv om dei i dataspel møter eit spesifikt ordforråd retta inn mot spelsjangeren, trur eg dei vil ha nytte av det i andre situasjonar også. "De må mestre engelsk for å følge med i den internasjonale ungdomskulturen [...]" (s.63) Slik blir det engelske språket ein meir sjølvsagt del av elevane sin kvardag enn for berre få år sidan. Gjennom dette vil dei vere godt førebudde på å møte det samfunnet dei vil stå overfor som vaksne. For mange av dei vil kommunikasjonen i arbeidslivet gå føre seg på engelsk.

_____________________________________________________________________________________

Kjelder:
Tønnessen, E.: Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge.
Maagerø, E./Tønnessen, E.: Å lese i alle fag

fredag 5. mars 2010

Didaktisk bruk av Google Earth

Ei oppgåve utført av gruppe 5: Marit, Øyvind og Kim-Daniel på 2.samling.

Oppgåve:
"Lag veiledningen til en oppgave for elever der de bruker Google Earth som verktøy/læremiddel/inspirasjon. Gjør oppgaven som gruppe og presenter resultatene."

UFD (Læreplan for Kunnskapsløftet)

Kompetansemål i samfunnsfag etter 4.trinn:

"setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar"

Mål

Tradisjonelt ville vi late elevane få utdelt kvar sitt atlas og eit kopiert kart der dei skal skrive inn stadene som er nemnde i kompetansemålet. I dag vil det vere naturleg å gjere det same på Google Earth. Med alle funksjonane som ligg inne der, finn ein noko som høver for alle trinn i grunnskulen. I vår oppgåve har vi valt å late elevane leggje inn plassmarkering på heimstaden, heimkommunen, fylket og landet sitt, på Google Earth. I tillegg skal dei leggje inn plassmarkering på andre land dei har vore i. "Flinke" elevar kan i tillegg markere byar i desse landa.

Rettleiing til elevane:

1. Start datamaskina.
2. Klikk på ikonet for Google Earth.
3. Høgre-klikk på "Mine steder"
4. Klikk på "Legg til", deretter "Mappe"
5. Skriv inn namnet på mappa, til dømes "Ola sine reiser"
(Du kan leggje til ei skildring (bokmål: beskrivelse) av mappa, om du ønskjer det)
6. Skriv inn stadar du har vore i søkjefeltet (under kategorien "fly til).
7. Når du har funne staden du har vore på, drag denne ned til mappa di (T.d. Ola sine reiser)
8. Gjer dette med alle stadane du har vore.
9. Høgreklikk på mappa di, klikk på "lagre stad som".
10. Du lagrar KMZ-fila på datamaskina.
11. Du laste denne fila opp på PedIT på "Mine reiser".


Våre reiser (lenker):





Screenshots frå arbeidsprosessen

lørdag 20. februar 2010

Tankekart i planlegging av læringsarbeid

I arbeidet mitt har eg lært elevane å bruke tankekart heilt frå 1.trinn. Dei nytta då papir og blyant, og dei fleste av elevane teikna i "boblene", sidan ikkje alle kunne skrive ord frå starten av. Det kunne vere at vi jobba med omgrep, t.d. "rund form", der dei teikna ein sirkel i midten og deretter skulle teikne ting dei kjende til som hadde denne forma. Etter kvart skreiv elevane i tankekartet i staden for å teikne. Etter at eg har vorte kjend med elektroniske tankekart, ser eg føremoner med å bruke det framfor papir. Papir har ein viss storleik, medan det elektroniske tankekartet har, slik eg har forstått det, nærast uavgrensa storleik. Det er dessutan lett å redigere, og resultatet blir "proft" av utsjånad. Sjølv om eg ser desse føremonene, har eg endå ikkje kome i gang med å la elevane bruke elektroniske tankekart.

Eg har sjølv prøvd ut Mindomo. Dette nettbaserte tenkeverktøyet har fleire føremoner. Tankekartet kan utvidast i alle retningar, og ein kan setje inn hyperlenkjer og notatar. Eg har laga eit tankekart som kan brukast av læraren i planlegginga av eit læringsarbeid.

Det er på ingen måte ferdig, men ei av føremonene med det elektroniske tankekartet er at ein seinare kan gå inn og redigere og vidareutvikle det. Ein kan endre "stil" på tankekartet og slik setje sitt personlege preg på det. Etter at eg tok skjermutklipp av tankekartet, har eg endra litt på korleis det ser ut.

På 3.trinn, der elevane mine er, synest eg det er ei ulempe at elevane må registrere seg for å bruke det. Men for eldre elevar og for læraren er det etter mitt syn eit svært godt verktøy. Tankekartet kan delast med andre, og i tillegg til at det ligg på internett, kan ein også lagre det på eigen pc.

For mine elevar er Freemind eit betre alternativ. Også dette verktøyet gjer det lett å redigere og vidareutvikle tankekartet. Også her ser det "proft" ut, og for begge verktøya gjeld at det verkar meir motiverande for elevane å arbeide med, i forhold til papir og blyant.

mandag 15. februar 2010

Tekstverktøy for produksjon av samansette tekstar 2

Med tekstverktøyet Glogster kan ein lage ulike typar samansette tekstar som plakatar, kort, veggaviser osv. Eg såg med ein gong moglegheiter for bruk i skulen. Eit av kompetansemåla i naturfag etter 4.trinn er at elevane skal kunne "[...] beskrive noen viktige kjennetegn ved de fire årstidene ved å observere naturen". I arbeidet med dette kompetansemålet går elevane ut i lag med læraren for å finne kjenneteikn på ei aktuell årstid, t.d. vårteikn om våren. Elevane fotograferer det dei finn med eit digitalt kamera. Ved hjelp av Glogster kan dei i par eller i grupper lage ein samansett tekst om den aktuelle årstida.

Mitt eksperiment med verktøyet resulterte i ein samansett tekst om årstida sommar. Det var enkelt å bruke verktøyet, og eg tykte det var motiverande og artig å arbeide med det. Resultatet blir proft, og det er motiverande også for elevane. Det blir noko dei er stolte av å vise fram. Det er mykje enklare å redigere denne teksten enn ein tekst elevane har laga ved å skrive med blyant, teikne, klippe og lime. Det blir også enklare for andre å lese desse elevtekstane. Ifølgje Kunnskapsløftet kan bruk av "digitale verktøy [...] støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner." I dette verktøyet ser eg ei slik moglegheit.

Det at arbeidet blir gjort på nett, gjer at ein ikkje er avhengig av å bruke ein spesiell pc. Ein kan arbeide med det også heimanfrå. Resultatet kan leggjast i ei digital mappe, som eg har gjort her på studiebloggen min. På den måten kan læraren vurdere elevane sitt arbeid, og dei kan vurdere og eventuelt vidareutvikle sitt eige arbeid.

Lenke til glogsteren min: http://marul.edu.glogster.com/

Tekstverktøy for produksjon av samansette tekstar 1

Etter mi erfaring har ikkje lesing av teikneseriar i skulen hatt særleg høg status. Det har av mange vore sett på som ein slags "naudlitteratur": "Det er betre han får lese teikneseriar enn å ikkje lese i det heile." Ein kan heller ikkje, så langt eg kan sjå, finne ordet teikneserie under noko av kompetansemåla for norskfaget i Læreplan for Kunnskapsløftet. Under hovudområdet "Samansette tekstar" kan ein lese: "Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater."

Sjølv om teikneseriar ikkje er nemnde i kompetansemåla i dette faget, høyrer det naturleg heime under samansette tekstar. Teikneseriar er ein viktig del av kvardagen for mange born, og berre det skulle tale for at ein arbeider med teikneseriar i skulen. Under hovudområdet "Visuell kommunikasjon" i kunst og handverksfaget skal ein etter 7.trinn kunne "[...] lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film".

Med dette som bakgrunn tykte eg det var spennande å prøve ut tekstverktøyet Comic Life. Det var enkelt å kome i gang med å bruke verktøyet, der ein ved hjelp av "dra-og-slepp" kan velje kor mange ruter ein vil ha på kvar side og kva form dei skal ha. På same måte set ein inn bilete frå pc-en og deretter snakkebobler som høver til kvar enkelt dialog. Ein kan også teikne for hand og skanne teikningane.

Elevane mine på 3.trinn har i ein periode arbeidd med å skrive små bøker der målet var at dei skulle kunne byggje opp ein tekst med overskrift, innleiing og avslutning (kompetansemål i norsk etter 4.trinn). Dei trena også på å få til ei stigning i handlinga i hovuddelen, eit plott. Dersom eg skulle overføre dette til arbeid med teikneseriar, ville eg ha lagt vekt på det same. Det er mogleg at bruk av Comic life høver betre på høgare trinn, t.d. 5.-7.trinn. Her kan ein også kombinere det med det tidlegare nemnde kompetansemålet under kunst og handverk.

Eit anna alternativ kunne vere å setje saman aldersblanda grupper, der elevar på 3. og 7.trinn ("faddergrupper") samarbeider om å lage ein teikneserie.

Mitt enkle eksperiment med verktøyet enda opp i ei lita forteljing frå dyreriket. Eg må seie eg kosa meg medan eg arbeidde med dette. Eg er samd med Kjell når han skriv i leksjonen "Sammensatte tekster" at ein morosam aktivitet også må kunne vere lærerik. Eg er i alle fall ikkje i tvil om at det er motiverande å lage teikneseriar med eit slikt verktøy, i motsetnad til å teikne og skrive for hand i rute etter rute.

onsdag 20. januar 2010

Vurdering av nettsamfunn

Gruppe 5 har i den utvida øvingsoppgåva til Sosial web 2 vurdert nettsamfunna Del og bruk, Facebook og Wikispaces.

Her er lenke til vurderinga: http://vattkimd.wikispaces.com/Gruppe+5+-+Sosial+web

Nettsamfunn - på godt og vondt

Under arbeidet med den første leksjonen i DKL102 har eg meldt meg inn i nettsamfunna "Del og bruk" (for lærarar), "Wikispaces" og "Facebook". Eg kjende litt til Facebook, men har ikkje vore medlem av noko nettsamfunn før. Når eg no skal skrive om føremoner og ulemper, vel eg å uttale meg om nettsamfunn generelt. Ulike nettsamfunn har fleire fellestrekk, men dei er også nettopp ulike i korleis ein kan bruke dei. Når det gjeld det spesielle ved kvart av dei tre nettsamfunna, viser eg til omtalane på Wikispaces som det er lenka til i neste innlegg. 

Føremoner (som gir meirverdi):
- Det er lett å dele kunnskap og erfaringar.
- Lett tilgjengeleg, berre ein har pc med internett-tilkopling.
- Mange elevar kjenner og brukar nettsamfunn til dagleg, dermed er terskelen låg for å ta det i bruk.
- Ein får rask tilbakemelding frå medelevar dersom ein t.d. lurer på noko med leksa.
- Meir samarbeid mellom elevar
- Elevane får lære nettvett gjennom erfaring.
- Det opnar for autentiske skrivesituasjonar.
- Motiverande

Ulemper (utfordringar):
- Elevane kan kome til å gi ut personleg informasjon og bilete av seg sjølve
- Elevane kan bli utsette for eller utsetje medelevar for mobbing og trakassering på nettet
- Elevane kan få kontakt med personar som vil dei vondt på ulike måtar
- Ein kan bli freista til å bruke nettsamfunn til ikkje-faglege ting i skuletida (det stel mykje tid)
- I enkelte tilfelle kan elevar bli avhengige av nettsamfunn
- Det stiller store krav til læraren m.o.t. å orientere seg i elevane sin nettbruk
- Bruk av nettsamfunn i skulen stiller krav til at internett på skulen er "oppe og går".
- Enkeltelevar som ikkje har internett heime (rett nok stadig færre) kan føle seg utanfor når medelevane er pålogga nettsamfunna også heime.

Det er viktig at ein som lærar har sett seg inn i nokre av nettsamfunna, slik at ein veit kva ein snakkar om når ein skal rettleie elevane i bruken av dei. Ifølgje LK06 er skulen pålagd å gi elevane denne kompetansen. Som eksempel skal elevane ifølgje eit av kompetansemåla i t.d. samfunnsfag allereie etter 4.trinn kunne "... følgje enkle reglar for personvern når ein bruker internett". Ein kan ikkje som lærar snu ryggen til dei moglegheitene og utfordringane som ligg i bruken av nettsamfunn i læringsarbeid. For at elevane skal lære nettvett, treng dei erfaring i eit trygt og kompetent læringsmiljø.