lørdag 20. februar 2010

Tankekart i planlegging av læringsarbeid

I arbeidet mitt har eg lært elevane å bruke tankekart heilt frå 1.trinn. Dei nytta då papir og blyant, og dei fleste av elevane teikna i "boblene", sidan ikkje alle kunne skrive ord frå starten av. Det kunne vere at vi jobba med omgrep, t.d. "rund form", der dei teikna ein sirkel i midten og deretter skulle teikne ting dei kjende til som hadde denne forma. Etter kvart skreiv elevane i tankekartet i staden for å teikne. Etter at eg har vorte kjend med elektroniske tankekart, ser eg føremoner med å bruke det framfor papir. Papir har ein viss storleik, medan det elektroniske tankekartet har, slik eg har forstått det, nærast uavgrensa storleik. Det er dessutan lett å redigere, og resultatet blir "proft" av utsjånad. Sjølv om eg ser desse føremonene, har eg endå ikkje kome i gang med å la elevane bruke elektroniske tankekart.

Eg har sjølv prøvd ut Mindomo. Dette nettbaserte tenkeverktøyet har fleire føremoner. Tankekartet kan utvidast i alle retningar, og ein kan setje inn hyperlenkjer og notatar. Eg har laga eit tankekart som kan brukast av læraren i planlegginga av eit læringsarbeid.

Det er på ingen måte ferdig, men ei av føremonene med det elektroniske tankekartet er at ein seinare kan gå inn og redigere og vidareutvikle det. Ein kan endre "stil" på tankekartet og slik setje sitt personlege preg på det. Etter at eg tok skjermutklipp av tankekartet, har eg endra litt på korleis det ser ut.

På 3.trinn, der elevane mine er, synest eg det er ei ulempe at elevane må registrere seg for å bruke det. Men for eldre elevar og for læraren er det etter mitt syn eit svært godt verktøy. Tankekartet kan delast med andre, og i tillegg til at det ligg på internett, kan ein også lagre det på eigen pc.

For mine elevar er Freemind eit betre alternativ. Også dette verktøyet gjer det lett å redigere og vidareutvikle tankekartet. Også her ser det "proft" ut, og for begge verktøya gjeld at det verkar meir motiverande for elevane å arbeide med, i forhold til papir og blyant.

mandag 15. februar 2010

Tekstverktøy for produksjon av samansette tekstar 2

Med tekstverktøyet Glogster kan ein lage ulike typar samansette tekstar som plakatar, kort, veggaviser osv. Eg såg med ein gong moglegheiter for bruk i skulen. Eit av kompetansemåla i naturfag etter 4.trinn er at elevane skal kunne "[...] beskrive noen viktige kjennetegn ved de fire årstidene ved å observere naturen". I arbeidet med dette kompetansemålet går elevane ut i lag med læraren for å finne kjenneteikn på ei aktuell årstid, t.d. vårteikn om våren. Elevane fotograferer det dei finn med eit digitalt kamera. Ved hjelp av Glogster kan dei i par eller i grupper lage ein samansett tekst om den aktuelle årstida.

Mitt eksperiment med verktøyet resulterte i ein samansett tekst om årstida sommar. Det var enkelt å bruke verktøyet, og eg tykte det var motiverande og artig å arbeide med det. Resultatet blir proft, og det er motiverande også for elevane. Det blir noko dei er stolte av å vise fram. Det er mykje enklare å redigere denne teksten enn ein tekst elevane har laga ved å skrive med blyant, teikne, klippe og lime. Det blir også enklare for andre å lese desse elevtekstane. Ifølgje Kunnskapsløftet kan bruk av "digitale verktøy [...] støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner." I dette verktøyet ser eg ei slik moglegheit.

Det at arbeidet blir gjort på nett, gjer at ein ikkje er avhengig av å bruke ein spesiell pc. Ein kan arbeide med det også heimanfrå. Resultatet kan leggjast i ei digital mappe, som eg har gjort her på studiebloggen min. På den måten kan læraren vurdere elevane sitt arbeid, og dei kan vurdere og eventuelt vidareutvikle sitt eige arbeid.

Lenke til glogsteren min: http://marul.edu.glogster.com/

Tekstverktøy for produksjon av samansette tekstar 1

Etter mi erfaring har ikkje lesing av teikneseriar i skulen hatt særleg høg status. Det har av mange vore sett på som ein slags "naudlitteratur": "Det er betre han får lese teikneseriar enn å ikkje lese i det heile." Ein kan heller ikkje, så langt eg kan sjå, finne ordet teikneserie under noko av kompetansemåla for norskfaget i Læreplan for Kunnskapsløftet. Under hovudområdet "Samansette tekstar" kan ein lese: "Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater."

Sjølv om teikneseriar ikkje er nemnde i kompetansemåla i dette faget, høyrer det naturleg heime under samansette tekstar. Teikneseriar er ein viktig del av kvardagen for mange born, og berre det skulle tale for at ein arbeider med teikneseriar i skulen. Under hovudområdet "Visuell kommunikasjon" i kunst og handverksfaget skal ein etter 7.trinn kunne "[...] lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film".

Med dette som bakgrunn tykte eg det var spennande å prøve ut tekstverktøyet Comic Life. Det var enkelt å kome i gang med å bruke verktøyet, der ein ved hjelp av "dra-og-slepp" kan velje kor mange ruter ein vil ha på kvar side og kva form dei skal ha. På same måte set ein inn bilete frå pc-en og deretter snakkebobler som høver til kvar enkelt dialog. Ein kan også teikne for hand og skanne teikningane.

Elevane mine på 3.trinn har i ein periode arbeidd med å skrive små bøker der målet var at dei skulle kunne byggje opp ein tekst med overskrift, innleiing og avslutning (kompetansemål i norsk etter 4.trinn). Dei trena også på å få til ei stigning i handlinga i hovuddelen, eit plott. Dersom eg skulle overføre dette til arbeid med teikneseriar, ville eg ha lagt vekt på det same. Det er mogleg at bruk av Comic life høver betre på høgare trinn, t.d. 5.-7.trinn. Her kan ein også kombinere det med det tidlegare nemnde kompetansemålet under kunst og handverk.

Eit anna alternativ kunne vere å setje saman aldersblanda grupper, der elevar på 3. og 7.trinn ("faddergrupper") samarbeider om å lage ein teikneserie.

Mitt enkle eksperiment med verktøyet enda opp i ei lita forteljing frå dyreriket. Eg må seie eg kosa meg medan eg arbeidde med dette. Eg er samd med Kjell når han skriv i leksjonen "Sammensatte tekster" at ein morosam aktivitet også må kunne vere lærerik. Eg er i alle fall ikkje i tvil om at det er motiverande å lage teikneseriar med eit slikt verktøy, i motsetnad til å teikne og skrive for hand i rute etter rute.

onsdag 20. januar 2010

Vurdering av nettsamfunn

Gruppe 5 har i den utvida øvingsoppgåva til Sosial web 2 vurdert nettsamfunna Del og bruk, Facebook og Wikispaces.

Her er lenke til vurderinga: http://vattkimd.wikispaces.com/Gruppe+5+-+Sosial+web

Nettsamfunn - på godt og vondt

Under arbeidet med den første leksjonen i DKL102 har eg meldt meg inn i nettsamfunna "Del og bruk" (for lærarar), "Wikispaces" og "Facebook". Eg kjende litt til Facebook, men har ikkje vore medlem av noko nettsamfunn før. Når eg no skal skrive om føremoner og ulemper, vel eg å uttale meg om nettsamfunn generelt. Ulike nettsamfunn har fleire fellestrekk, men dei er også nettopp ulike i korleis ein kan bruke dei. Når det gjeld det spesielle ved kvart av dei tre nettsamfunna, viser eg til omtalane på Wikispaces som det er lenka til i neste innlegg. 

Føremoner (som gir meirverdi):
- Det er lett å dele kunnskap og erfaringar.
- Lett tilgjengeleg, berre ein har pc med internett-tilkopling.
- Mange elevar kjenner og brukar nettsamfunn til dagleg, dermed er terskelen låg for å ta det i bruk.
- Ein får rask tilbakemelding frå medelevar dersom ein t.d. lurer på noko med leksa.
- Meir samarbeid mellom elevar
- Elevane får lære nettvett gjennom erfaring.
- Det opnar for autentiske skrivesituasjonar.
- Motiverande

Ulemper (utfordringar):
- Elevane kan kome til å gi ut personleg informasjon og bilete av seg sjølve
- Elevane kan bli utsette for eller utsetje medelevar for mobbing og trakassering på nettet
- Elevane kan få kontakt med personar som vil dei vondt på ulike måtar
- Ein kan bli freista til å bruke nettsamfunn til ikkje-faglege ting i skuletida (det stel mykje tid)
- I enkelte tilfelle kan elevar bli avhengige av nettsamfunn
- Det stiller store krav til læraren m.o.t. å orientere seg i elevane sin nettbruk
- Bruk av nettsamfunn i skulen stiller krav til at internett på skulen er "oppe og går".
- Enkeltelevar som ikkje har internett heime (rett nok stadig færre) kan føle seg utanfor når medelevane er pålogga nettsamfunna også heime.

Det er viktig at ein som lærar har sett seg inn i nokre av nettsamfunna, slik at ein veit kva ein snakkar om når ein skal rettleie elevane i bruken av dei. Ifølgje LK06 er skulen pålagd å gi elevane denne kompetansen. Som eksempel skal elevane ifølgje eit av kompetansemåla i t.d. samfunnsfag allereie etter 4.trinn kunne "... følgje enkle reglar for personvern når ein bruker internett". Ein kan ikkje som lærar snu ryggen til dei moglegheitene og utfordringane som ligg i bruken av nettsamfunn i læringsarbeid. For at elevane skal lære nettvett, treng dei erfaring i eit trygt og kompetent læringsmiljø.

søndag 22. november 2009

Samtykkeskjema til bruk i skulen

SAMTYKKESKJEMA FOR KYSTEN BARNESKULE
Hausten 2009


Skulen vår har eiga nettside der vi m.a. publiserer skuleruta, årsplanar, vekeplanar og annan informasjon. I tillegg publiserer vi bilete frå ulike turar, arrangement og læringsarbeid, slik at de som føresette lettare kan halde dykk orienterte om det som skjer på skulen. I samband med dette bed vi om samtykke til å ta bilete av barnet dykkar til slikt bruk.


Skulen har strenge reglar for bruk av slike bilete:


* Skulen frigir ikkje digitale biletkopiar av barnet utan spesifikt samtykke frå føresette.
* Skulen tek ikkje bilete av lettkledde born.
* Bileta blir publiserte i ein kvalitet som gjer det lite attraktivt for andre å manipulere dei eller bruke dei i andre samanhengar.
* Skulen vil be om spesifikt samtykke frå føresette dersom det skal takast bilete til journalistiske føremål.
* Skulen vil be om spesifikt samtykke frå føresette dersom utplasserte studentar  ønskjer å ta bilete av borna.
* Samtykket gjeld for inneverande semester.
* Samtykket kan når som helst trekkjast tilbake.


Skriv JA eller NEI etter utsegnene:

Eg/vi samtykkjer i at det blir teke bilete av barnet. ______


Eg/vi samtykkjer i at bileta blir publiserte på passordbeskytta nettsider. ______


Eg/vi samtykkjer i at bileta blir publiserte i trykksaker som har med skulen vår å gjere. ______


Eg/vi samtykkjer i at gruppebilete eller klassebilete blir publiserte i lokalavisa/på nettsida til avisa. ______




Dato og underskrift kontaktlærar: ______________________________________________


Dato og underskrift føresette: _________________________________________________

_________________________________________________________________________________

Kjelder:
Antvort, Kjell: Leksjonen Hensyn høsten 2009
Skåltveit, G. (2008) I beste mening - et veiledningshefte om bilder av barn på nett [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.datatilsynet.no/upload/Dokumenter/publikasjoner/veiledere/I_beste_mening_nynorsk.pdf

Omsyn, opphavsrett og personvern

Fotografiet av dei to jentene i varmedress er nytta som eksempel på eit bilete der både personvern og opphavsrett må takast omsyn til. I arbeidet mitt som lærar blir eg stilt overfor personvernsomsyn når eg skal publisere bilete eg har teke av elevane på t.d. fjellturar på skulen si heimeside. Skulen har innhenta løyve frå foreldra til å gjere dette. Då kan ein også oppleve at ein eller fleire elevar i ein klasse ikkje skal vere med på bilete fordi foreldra ikkje gir løyve, som var tilfelle med ein av kollegaene mine eit år. Ho stilte seg spørsmålet om ho likevel kunne leggje ut bilete der ein kunne skimte litt av denne eleven bakanfrå, slik at ein ikkje kunne identifisere andletet til eleven. For å vere på den sikre sida ville eg valt ut bilete der eleven ikkje var med i det heile. Ein kan i mange tilfelle identifisere ein person sjølv om ein ikkje ser andletet.

Når det gjeld bruk av biletet av dei to jentene, er det ifølgje åndsverklova §43a fotografen som har einerett til å gjere det tilgjengeleg for ålmenta, og ein må dermed be om løyve til å publisere biletet. Vidare må ein også ifølgje same lova §45c ha løyve frå personane på biletet dersom ein skal publisere biletet: "Fotografi som avbilder en person kan ikke gjengis eller vises offentlig uten samtykke av den avbildede [...]". I grunnskulen vil det i praksis seie dei føresette, men ifølgje Leksjonen "Hensyn høsten 2009" s. 9 kan ein setje ei "tommelfingerregel"-grense ved 15 år, der eleven sjølv kan gi løyve. Sitat frå datatilsynet: "Dette betyr for eksempel at om en skole vil offentliggjøre klassebilder på sine hjemmesider, kan dette bare skje om et uttrykkelig samtykke innhentes fra alle de avbildede, og fra deres foresatte dersom elevene er under 15 år, på forhånd."

Når det gjeld biletet av dei to borna i leikeapparatet, må ein framleis ha løyve av fotografen for å publisere biletet. Når det gjeld personvernet, opnar datatilsynet for at ein kan publisere biletet utan samtykke frå dei avbilda personane: "Situasjonsbilder kan defineres som bilder der selve situasjonen eller aktiviteten er det egentlige formålet med bildet. Akkurat hvem som er med på bildet er da mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet. [...] Utgangspunktet her er at situasjonsbilder kan offentliggjøres uten samtykke fra de avbildede så lenge bildene er harmløse og ikke på noen måte er krenkende for de som er avbildet. Det skal likevel alltid foreligge en helhetsvurdering bak offentliggjøringen, der man vurderer formålet opp mot hensynet til de som er avbildet." Og i skulesamanheng kan ein med rette spørje seg om det er lurt å gjere det. Born er sårbare og har eit særskilt krav på vern. Dermed ville eg ikkje publisere biletet utan samtykke frå dei føresette, sjølv om føremålet med biletet var å vise fram det flotte, nye leikeapparatet skulen har gått til innkjøp av.
_________________________________________________________________________________

Kjelde:
Antvort, Kjell: Leksjonen Hensyn høsten 2009