lørdag 20. februar 2010

Tankekart i planlegging av læringsarbeid

I arbeidet mitt har eg lært elevane å bruke tankekart heilt frå 1.trinn. Dei nytta då papir og blyant, og dei fleste av elevane teikna i "boblene", sidan ikkje alle kunne skrive ord frå starten av. Det kunne vere at vi jobba med omgrep, t.d. "rund form", der dei teikna ein sirkel i midten og deretter skulle teikne ting dei kjende til som hadde denne forma. Etter kvart skreiv elevane i tankekartet i staden for å teikne. Etter at eg har vorte kjend med elektroniske tankekart, ser eg føremoner med å bruke det framfor papir. Papir har ein viss storleik, medan det elektroniske tankekartet har, slik eg har forstått det, nærast uavgrensa storleik. Det er dessutan lett å redigere, og resultatet blir "proft" av utsjånad. Sjølv om eg ser desse føremonene, har eg endå ikkje kome i gang med å la elevane bruke elektroniske tankekart.

Eg har sjølv prøvd ut Mindomo. Dette nettbaserte tenkeverktøyet har fleire føremoner. Tankekartet kan utvidast i alle retningar, og ein kan setje inn hyperlenkjer og notatar. Eg har laga eit tankekart som kan brukast av læraren i planlegginga av eit læringsarbeid.

Det er på ingen måte ferdig, men ei av føremonene med det elektroniske tankekartet er at ein seinare kan gå inn og redigere og vidareutvikle det. Ein kan endre "stil" på tankekartet og slik setje sitt personlege preg på det. Etter at eg tok skjermutklipp av tankekartet, har eg endra litt på korleis det ser ut.

På 3.trinn, der elevane mine er, synest eg det er ei ulempe at elevane må registrere seg for å bruke det. Men for eldre elevar og for læraren er det etter mitt syn eit svært godt verktøy. Tankekartet kan delast med andre, og i tillegg til at det ligg på internett, kan ein også lagre det på eigen pc.

For mine elevar er Freemind eit betre alternativ. Også dette verktøyet gjer det lett å redigere og vidareutvikle tankekartet. Også her ser det "proft" ut, og for begge verktøya gjeld at det verkar meir motiverande for elevane å arbeide med, i forhold til papir og blyant.

mandag 15. februar 2010

Tekstverktøy for produksjon av samansette tekstar 2

Med tekstverktøyet Glogster kan ein lage ulike typar samansette tekstar som plakatar, kort, veggaviser osv. Eg såg med ein gong moglegheiter for bruk i skulen. Eit av kompetansemåla i naturfag etter 4.trinn er at elevane skal kunne "[...] beskrive noen viktige kjennetegn ved de fire årstidene ved å observere naturen". I arbeidet med dette kompetansemålet går elevane ut i lag med læraren for å finne kjenneteikn på ei aktuell årstid, t.d. vårteikn om våren. Elevane fotograferer det dei finn med eit digitalt kamera. Ved hjelp av Glogster kan dei i par eller i grupper lage ein samansett tekst om den aktuelle årstida.

Mitt eksperiment med verktøyet resulterte i ein samansett tekst om årstida sommar. Det var enkelt å bruke verktøyet, og eg tykte det var motiverande og artig å arbeide med det. Resultatet blir proft, og det er motiverande også for elevane. Det blir noko dei er stolte av å vise fram. Det er mykje enklare å redigere denne teksten enn ein tekst elevane har laga ved å skrive med blyant, teikne, klippe og lime. Det blir også enklare for andre å lese desse elevtekstane. Ifølgje Kunnskapsløftet kan bruk av "digitale verktøy [...] støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner." I dette verktøyet ser eg ei slik moglegheit.

Det at arbeidet blir gjort på nett, gjer at ein ikkje er avhengig av å bruke ein spesiell pc. Ein kan arbeide med det også heimanfrå. Resultatet kan leggjast i ei digital mappe, som eg har gjort her på studiebloggen min. På den måten kan læraren vurdere elevane sitt arbeid, og dei kan vurdere og eventuelt vidareutvikle sitt eige arbeid.

Lenke til glogsteren min: http://marul.edu.glogster.com/

Tekstverktøy for produksjon av samansette tekstar 1

Etter mi erfaring har ikkje lesing av teikneseriar i skulen hatt særleg høg status. Det har av mange vore sett på som ein slags "naudlitteratur": "Det er betre han får lese teikneseriar enn å ikkje lese i det heile." Ein kan heller ikkje, så langt eg kan sjå, finne ordet teikneserie under noko av kompetansemåla for norskfaget i Læreplan for Kunnskapsløftet. Under hovudområdet "Samansette tekstar" kan ein lese: "Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater."

Sjølv om teikneseriar ikkje er nemnde i kompetansemåla i dette faget, høyrer det naturleg heime under samansette tekstar. Teikneseriar er ein viktig del av kvardagen for mange born, og berre det skulle tale for at ein arbeider med teikneseriar i skulen. Under hovudområdet "Visuell kommunikasjon" i kunst og handverksfaget skal ein etter 7.trinn kunne "[...] lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film".

Med dette som bakgrunn tykte eg det var spennande å prøve ut tekstverktøyet Comic Life. Det var enkelt å kome i gang med å bruke verktøyet, der ein ved hjelp av "dra-og-slepp" kan velje kor mange ruter ein vil ha på kvar side og kva form dei skal ha. På same måte set ein inn bilete frå pc-en og deretter snakkebobler som høver til kvar enkelt dialog. Ein kan også teikne for hand og skanne teikningane.

Elevane mine på 3.trinn har i ein periode arbeidd med å skrive små bøker der målet var at dei skulle kunne byggje opp ein tekst med overskrift, innleiing og avslutning (kompetansemål i norsk etter 4.trinn). Dei trena også på å få til ei stigning i handlinga i hovuddelen, eit plott. Dersom eg skulle overføre dette til arbeid med teikneseriar, ville eg ha lagt vekt på det same. Det er mogleg at bruk av Comic life høver betre på høgare trinn, t.d. 5.-7.trinn. Her kan ein også kombinere det med det tidlegare nemnde kompetansemålet under kunst og handverk.

Eit anna alternativ kunne vere å setje saman aldersblanda grupper, der elevar på 3. og 7.trinn ("faddergrupper") samarbeider om å lage ein teikneserie.

Mitt enkle eksperiment med verktøyet enda opp i ei lita forteljing frå dyreriket. Eg må seie eg kosa meg medan eg arbeidde med dette. Eg er samd med Kjell når han skriv i leksjonen "Sammensatte tekster" at ein morosam aktivitet også må kunne vere lærerik. Eg er i alle fall ikkje i tvil om at det er motiverande å lage teikneseriar med eit slikt verktøy, i motsetnad til å teikne og skrive for hand i rute etter rute.