fredag 18. september 2009

Øvingsoppgåve 2

Fyrste gongane eg sette meg ved datamaskina for mange år sidan, hadde eg både interessante og frustrerande opplevingar. Det var kjekt å skrive på data og bruke ulik programvare. Men eg kunne ikkje forstå kvifor eg skulle trykkje på noko som heitte "fil" kvar gong eg skulle skrive ut eller lagre noko. Det var heilt uforståeleg, og det var viktig for meg å forstå kvifor eg gjorde det eg gjorde. Det er det for så vidt endå, men eg lærer litt etter litt, også eg.

På fyrste samling fekk vi vite at alt som ikkje er plast og metall, er filer, viss eg forstod det rett. Då tenkjer eg at det er noko vi ikkje kan ta og kjenne på, altså noko abstrakt. Ein kan sjå på skjermen det ein har skrive, og ein kan også skrive det ut og halde det i handa. Men eg er ikkje så sikker på om ein kan finne det att dersom ein skrur opp maskina og kikar inni...

Siste timen eg hadde med elevane mine før fyrste samling, hadde vi "datatime", det var altså vår tur til å ha pc-ane. Eg har 3.klasse i år, og eg synest det er meiningsfylt å la dei skrive på pc. Tekstane deira blir ryddige, alle bokstavar er leselege, og i tillegg er det fint at dei får skrive saman på pc, gjerne to og to saman. Eg har tru på at dei lærer av kvarandre.

Når det så kjem til lagring av filene, synest eg det er meir krevjande. Mange av elevane er sjølvsikre og trygge på kva dei kan og er kanskje ikkje så viljuge til å høyre på råd. Då kan filene forsvinne. Eg har løyst det ved å gå frå elev til elev og lagre for elevane.

På vår skule har vi eit eige område for elevarbeid på ein server. Elevane treng ikkje logge seg inn for å få tilgang til dette. Dermed kan filene deira lett hamne på feil plass og vere vanskelege å finne att. Men er det lettare å halde orden på eige arbeid dersom kvar elev må logge seg inn med brukarnamn og passord? I alle fall kan ikkje elevane gå inn og endre andre sitt arbeid.

Elles har eg på fyrste samling hatt både interessante og frustrerande opplevingar, så då er vel det meste som det skal vere...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar