tirsdag 23. mars 2010

Brubygging

Brubygging på data har eg ikkje prøvd før. Etter å ha lasta ned Bridge Construction set, var det tid for å prøve programmet. Eg brukte litt tid på prøving og feiling før eg kom i gang med sjølve bygginga. Men då eg først kom i gang, bygde eg ei jernbru på 1-2-3. Prisen på brua enda opp på $ 6 911, medan budsjettet var på $ 15 000. Brua tolte trafikk, og eg var godt nøgd med resultatet etterpå. Brua ser slik ut:

Sidan dette er ein konkurranse, kunne eg ikkje gi meg med dette. Det måtte då gå an å byggje billegare. Eg fann fort ut at stål blei dyrare, så eg gjekk tilbake til jern som materiale. Eg prøvde på ulike måtar, men billegare bruer gjekk det dårleg med, som ein kan sjå på bilete nr.2. Så eg konkluderte med at billeg slett ikkje er bra når det gjeld bruer.

Men å gi opp forsøket på å byggje billeg, sat framleis langt inne, så eg eksperimenterte litt til. Og plutseleg sat eg der med ei bru til $ 6 642, sjå neste bilete:

Dermed kan også denne brua opnast for trafikk.

Dette var mitt bidrag til konkurransen i brubygging.




Ein kan spørje seg om dette dataspelet har noko i skulen å gjere. Eg har ikkje tidlegare tenkt over om ordet dataspel i det heile førekjem i Kunnskapsløftet, men under arbeid med leksjonen "Tenkeverktøy 2", fann eg det m.a. under faga Kunst og handverk og norsk. For å stimulere til kreativitet i naturfag nemner ein m.a. "[...] simuleringer og spill [...]" som gode hjelpemiddel. I "Bridge Construction set" kan ein simulere om brua ein byggjer, er sterk nok. Dersom ho ikkje held mål, kan ein klikke "Stress"-knappen for å undersøkje kvar brua er svakast. På den måten kan ein forbetre brua før ein på nytt prøvekøyrer.




"Bridge Construction set" eignar seg godt til arbeid med desse kompetansemåla i naturfag etter 4.trinn:
* planlegge, bygge og teste enkle modeller av byggkonstruksjoner og dokumetere prosessen fra idé til ferdig produkt
* beskrive konstruksjoner og samtale om hvorfor noen er mer stabile og tåler større belastning enn andre

Alternativet vil vere å lese om og sjå bilete av bruer i bøker og på internett for deretter å teikne og byggje modellar i ulikt materiale, som treklossar, samanrulla papirbitar o.l.

Etter mitt syn får ein eit klarare bilete av korleis ein konstruerer ei sterkast mogleg bru når ein bruker dette dataspelet. Dessutan får elevane vere aktive, deltakande og skapande i læringsprosessen, og det i seg sjølv motiverer og stimulerer elevane til læring. Eg trur nok også at dei fleste elevane vil ta seg raskare inn i korleis spelet fungerer enn eg som lærar gjorde i mitt brubyggingsprosjekt. Ei annan ting er at eg kunne tenkje meg at ein kunne ha tilgang på alle byggjemateriala som ligg inne i programmet, og som eg skjønar ein i tilfelle må betale for.

Som "Forskning viser 7" rår til, er det viktig at læraren set seg godt inn i dataspela elevane skal bruke, både for å rettleie dei, men også for å forvisse seg om at spelet verkeleg gir meirverdi i læringa til elevane.

Spela må, som alle andre læremiddel, tilpassast elevgruppa og formålet med læringsaktiviteten.

Som "Forskning viser vei 7" framhevar, er tid ofte eit kritisk punkt. Dette erfarer eg nesten kvar gong elevane skal bruke pc i læringa. Det tek tid før alle elevane er i gang med spelet, og læraren har mange elevar han skal rettleie. Ofte er det ein annan klasse som skal ha datamaskinane i timen etterpå, og dermed får elevane berre så vidt begynt før timen er over. Eg meiner ein bør organisere bruken av pc i skulen med færre, lengre økter enn mange korte, nettopp fordi det tek tid å kome i gang, og fordi det kan oppstå tekniske problem med pc-ane i løpet av timen.

_____________________________________________________________________________

Kjelder:
Antvort, Kjell: Tenkeverktøy 2 - DKL102 våren 2010

ITU (2006) Dataspill i skolen Forsking viser Nr.7 Forsknings- og kompetansenettverk for

IT i utdanning [Internett] Tilgjengeleg frå ITU: http://www.itu.no/filearchive/FV7.pdf

UFD: Kunnskapsløftet (2006)

1 kommentar:

  1. Flott bru, og solid og interessant refleksjon rundt aktiviteten i et læringsperspektiv. Jeg har notert beløpet i en midlertidig kolonne i gruppelista, der du nå innehar den gule leder-cellen :)

    SvarSlett