søndag 14. mars 2010

Generasjon.com

Etter å ha lese boka Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge av Elise Seip Tønnessen, vil eg reflektere rundt noko av det ho har teke opp i dei tre første kapitla.

Læraren og skulen si rolle
Det er grunn til å tenkje gjennom kva for rolle vi lærarar og skulen som institusjon har i dette landskapet. Tønnessen spør om "[...]skolen burde opptre som en motkultur [...], eller om den burde bygge videre på de unges mediekompetanser fra fritidskulturen og utnytte dem pedagogisk". (s.22) Eg meiner det siste. Ho skriv også: "De unge møter mediene med både hode og hjerte, og det de har sterke følelser for, er det større muligheter for at de mestrer." (s.20) Ho snakkar også om motivasjon: "Langt på vei kan vi si at unge mediebrukere mestrer det de er motivert for, og da kommer fascinasjonen inn som en viktig drivkraft." (s.42) Mi erfaring er at elevane er meir motiverte for læringsarbeid når dei får bruke digitale verkty, ja, elevane tenkjer kanskje ikkje alltid over at dei er inne i ein læringsaktivitet når dei sit framfor pc-en. Å skape motivasjon for læring hos elevane våre, er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som lærarar. Det er dessutan viktig at vi som lærarar er bevisste på meirverdien ved bruk av digitale verkty, m.a.o. kva vi vil med desse verktya, kva målet for læringsarbeidet er.

Gutar og mediebruk
Det har vore mykje fokus på gutar og deira prestasjonar i skulen, der gutane har gjort det dårlegare enn jentene på fleire område. Tønnessen har saman med Eva Maagerø skrive boka Å lese i alle fag. Her skriv dei på s.17 m.a.:

"Når vi stadig hører påstanden om at jenter leser mer enn gutter, gjelder det først og fremst kontinuerlige tekster, og særlig skjønnlitteratur. [...] For guttene derimot ligger resultatene på samme nivå for begge teksttyper. Dermed er forskjellen i gutters og jenters leseferdigheter mye mindre for diskontinuerlige tekster."

Tilbake til Generasjon.com, ser gutane, ifølgje Tønnessen, i langt større grad enn jentene på pc-en som eit underhaldningsmedium. Dessutan brukar dei ivrigaste gutane pc-en til eit breiare spekter av funksjonar enn jentene. (s.39) Ho skriv dessutan: "Dataspillene ser ut til å tilføre medielandskapet noen nye sjangrer og fortellingsmønstre som særlig har interesse for guttene." (s.53)  Dette bør ein gripe tak i og prøve å utnytte gutane sin digitale kompetanse i læringsarbeidet deira. Med pc-en sitt inntog i skulen har vi fått t.d. hypertekstforteljinga som sjanger. Dette må vel seiast å vere ei diskontinuerleg forteljing i den forstand at gangen i forteljinga ikkje er gitt på førehand. I dataspela finn ein også slike diskontinuerlege tekstar i t.d. beskjedar dei får undervegs.

Gutane profiterer også på at "[...] dataspillene tilfører en handlingsdimensjon som utfordrer strategiske evner på en annen måte enn fortellingene i levende bilder."(s.53) Elevane kan ved bruk av pc "[...] uttrykke seg gjennom bilder, animasjon, lydmiks osv." (s.21) Dette vil appellere til gutane fordi dei får handle gjennom å produsere t.d. samansette tekstar som t.d. teikneseriar, filmpresentasjonar med tekst, bilete og lyd, som vi har teke for oss tidlegare i studiet.

Engelsk og digitale verkty
Dei unge må ved bruk av t.d. sosiale media og dataspel forhalde seg til engelsk som kommunikasjonsspråk. Dette vil dei etter mitt syn profitere på i skulen. Sjølv om dei i dataspel møter eit spesifikt ordforråd retta inn mot spelsjangeren, trur eg dei vil ha nytte av det i andre situasjonar også. "De må mestre engelsk for å følge med i den internasjonale ungdomskulturen [...]" (s.63) Slik blir det engelske språket ein meir sjølvsagt del av elevane sin kvardag enn for berre få år sidan. Gjennom dette vil dei vere godt førebudde på å møte det samfunnet dei vil stå overfor som vaksne. For mange av dei vil kommunikasjonen i arbeidslivet gå føre seg på engelsk.

_____________________________________________________________________________________

Kjelder:
Tønnessen, E.: Generasjon.com. Mediekultur blant barn og unge.
Maagerø, E./Tønnessen, E.: Å lese i alle fag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar