lørdag 27. mars 2010

IKT og tilpassa opplæring

Ifølgje "Læringsplakaten" i Kunnskapsløftet skal skulen "[...] fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter". Tidlegare statsråd Øystein Djupedal skriv i forordet til læreplanen: "Skolen skal gi alle elevar ei likeverdig opplæring og medverke til å redusere ulikskapar mellom individ og grupper." (UFD 2006) Desse to utsegnene ser ut til å slå kvarandre i hel. På den eine sida skal opplæringa tilpassast den enkelte elev, på den andre sida skal ein redusere ulikskapane. I tillegg har ein dei nasjonale prøvene for 5. og 8.trinn i grunnskulen. Her skal alle elevar gjennom dei same prøvene, med like oppgåver for alle, rett nok med fritak for t.d. dei fleste elevar med enkeltvedtak. Dette er også eit paradoks. Desse prøvene kan umogleg, slik eg ser det, fortelje så mykje om kor god ein skule er til å tilpasse opplæringa til elevane sine.

Formålet med å tilpasse opplæringa til den enkelte eleven, er at "[...] den enkelte stimuleres til høgest mulig grad av måloppnåelse." (Lyngsnes og Rismark 2007:156) Dette må ein ikkje gløyme, det er klart at dersom elevane opplever at dei ikkje forstår det dei skal lære, stoppar læringa opp, dei ser ikkje meininga med det. Tek ein omsyn til kvar dei står, t.d. fagleg, har dei større sjanse til å lukkast.

Men no har skulen plikt til å gi alle elevar tilpassa opplæring, og i den samanhengen er det mange som har kome fram til at digitale verkty har mykje å tilføre her. "Bruken av datamaskiner, spesiell programvare og Internett blir av mange fremhevet som unike muligheter for å tilpasse opplæringen bedre til elevenes ulike nivå og behov i ulike fag." (Erstad 2008:143) "Mi eiga erfaring har vist at dette er ein skrivereiskap som frigjer skriveevner og skriveglede hos mange elevar. Hos elevar som før ikkje hadde likt å skrive, og som tydeleg kjende ubehag ved å setje ord på papir, vaknar ofte skrivelysta framfor datamaskinen." (Eritsland 2007:157)

Eg har hatt elevar som har ei bortimot uleseleg skrift. Trass i iherdig øving, blir ikkje skrifta så mykje betre. Her har IKT ein sjølvsagt plass. Dei slepp nederlaget med at andre ikkje forstår det dei har skrive, og ein fokuserer heller på innhaldet i det dei skriv. Eg meiner ikkje at dei skal slutte å skrive for hand. Ifølgje Kunnskapsløftet skal elevane kunne "[...] skrive med sammenhengende og funksjonell håndskrift. (UFD 2006) Men pc-en er komen for å bli, og i framtida vil denne bli den viktigaste skrivereiskapen for dei fleste. Eritsland skriv også: "I mi utprøving i ungdomsskolen var skilnaden særleg merkbar i gutegruppa." Fordi datamaskinen var innanfor gutane sitt interessefelt, fekk skrivinga høgare status.

For elevar med ulik grad av dysleksi, gir IKT heilt klart meirverdi. Med programvare som t.d. LingDys, får dei god skrivestøtte. Av hjelpemiddel for lesing kan nemnast syntetisk tale, der ein får opplese elektronisk tekst. Med skannerpenn kan ein overføre korte tekstar til pc og straks høyre teksten opplesen. Det finst fleire slike helpemiddel enn eg har oversikt over, og utfordringa for ein lærar er både å få vite om desse hjelpemidla og kunne bruke dei sjølv for så å gi opplæring til elevar. Eg har høyrt om fleire tilfelle der elevar har fått tildelt ulike digitale verkty frå Hjelpemiddelsentralen, for så aldri å ta dei i bruk. Eleven er lite motivert, og læraren har ikkje kompetanse. Terskelen er for høg, og kursing er ofte dyrt.

Mange forlag har pedagogiske nettstader tilknytt læreverka dei gir ut. Kvaliteten kan variere, men ei av føremonene med desse nettstadene, er at oppgåvene der er sjølvinstruerande. Dermed kan elevane arbeide med oppgåver av ulik vanskegrad samtidig. Det kan vere ulike nivå innanfor kvart tema i oppgåvene, og elevane kan jobbe med oppgåver for høgare eller lågare klassetrinn. Ein skal ikkje gløyme at skulen også skal tilpasse opplæringa til dei fagleg sterke elevane.

Ved vår skule har vi teke i bruk AskiRaski. Dette er eit databasert lesetreningsprogram. Det kan brukast av alle elevar i den vanlege leseopplæringa, og, kanskje mest aktuelt, av elevar som treng ekstra lesetrening. Programmet inneheld ei enkel kartlegging, og ved vår skule har vi gjennomført ei slik kartlegging av alle elevar tidleg på hausten i 3.klasse. Etterpå får elevar som treng det, spesifikk lesetrening i kortare eller lengre periodar etter behov. Dette er eksempel på progamvare der ein kan differensiere i nivå og tempo, som Kristin Bakke Sæterås skriv i leksjonen "IKT og tilpassa opplæring". (2010:31)

Det er etter mitt syn mange moglegheiter for bruk av IKT for å gi elevane ei best mogleg tilpassa opplæring. Utfordringa er om læraren kjenner seg trygg på at han/ho har nok kompetanse til å ta dei i bruk.

____________________________________________________________________________

Kjelder:
Eritsland, A. (2007) Skrivepedagogikk. Teori og metode. Fagernes, Samlaget
Erstad, O. (2008) Digital kompetanse i skolen - en innføring. Oslo, Universitetsforlaget
Lyngsnes, K. og Rismark, M. (2007) Didaktisk arbeid. Oslo, Gyldendal Akademisk
Sæterås, K. B. (2010) Leksjonen "IKT og tilpassa opplæring"
UFD (2006) Kunnskapsløftet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar