mandag 5. april 2010

Informasjonskompetanse 2 - oppretting av informasjonsnav

I løpet av dette studieåret har eg fått lære å bruke mange ulike digitale verkty, og det har til tider vore krevjande å setje seg inn i nokre av dei. No har eg oppretta eit informasjonsnav ved hjelp av RSS-lesaren Netvibes. Det gjekk greitt å opprette dette informasjonsnavet, men for meg tok det litt tid å setje seg inn i verktyet og funksjonane som ligg der. Det var overveldande med det same, og eg måtte vurdere kva eg ville ha med vidare og kva eg ville fjerne. Her er to skjermkutt av mitt første informasjonsnav:


 
Etter å ha utforska verktyet og utforma sida mi slik eg ville, ser eg heilt klart moglegheiter for bruk i skulen. Også mine 3.klassingar vil ha nytte av å bruke verktyet når dei skal søkje etter informasjon. Her kan eg leggje inn RSS-straumar frå internettkjelder eg meiner dei kan gjere seg nytte av. Eg kan avgjere på førehand kvar eg ønskjer dei skal søkje etter informasjon. Eg kan velje å leggje inn RSS-straumar på spesifikke søk, som eksempelet i leksjonen, der ein har lagt inn eit søk på "klima" i søkjemotoren Kvasir. Ved å leggje snarveg til den opne Netvibes-ressursen på skrivebordet på elevpc-ane er det lett for dei å finne fram når dei skal søkje etter informasjon. Eg ville ikkje lagt inn for mange ulike funksjonar til å begynne med, men byggje det gradvis ut etter kvart som elevane blir kjende med verktyet.

Noko som er negativt her, er at det ikkje er alle nettsider som brukar RSS, så langt eg kan sjå. Det kan difor vere tidkrevjande å leggje inn relevante RSS-straumar. Men straks det er gjort, er det etter mitt syn eit godt verkty. Meirverdien ligg m.a. i at læraren kan styre kvar elevane søkjer etter informasjon, det blir lettare å finne relevant informasjon, elevane slepp å stå overfor dei enorme mengdene med søkjeresultat som dei får når dei "googlar". I tillegg er RSS-straumane fri for spam og pop-opp-vindauge.

Netvibes er eit verkty eg godt kan tenkje meg å ta i bruk også privat.

_____________________________________________________________________________

Kjelder:

Overland, J.-A.: Leksjonen "Informasjonskompetanse 2 - DKL102 våren 2010"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar