onsdag 21. april 2010

Informasjonskompetanse 3 - øvingsoppgåve 1

I dette innlegget vil eg prøve å svare på spørsmåla i episode 1 i nettspelet Den store reisen, laga av forfattaren Tor Edvin Dahl, Jan-Arve Overland og to bibliotekarar frå HiBu. Her er noko av det eg kom fram til:

1. Nairobi.
Her søkte eg i Kvasir, der eg først nytta søkjeordet "ngong". Eg fann der ut at Ngong ligg nær Nairobi. For å vere sikker, søkte eg også på ngong, meryl streep. Då fekk eg stadfesta informasjonen. Fordi eg kjende til filmen "Mitt Afrika", bygd på boka "Out of Africa" av Karen Blixen, var ikkje dette spørsmålet så vanskeleg.

2. Washington DC.
For å finne ut dette, nytta eg flightnummera til Torvald. Flightnr. BA64 fører han til London. Å finne målet for neste etappe, dit han skulle kome med flightnr. BA217, var verre. Eg enda opp med å Google British Airways og kom etter kvart fram til ei side der eg kunne finne ut om reisa var kansellert pga. vulkanutbrotet eller ikkje. Her fann eg ut at målet for reisa må vere Washington DC.

3. Dette spørsmålet tykte eg var vanskeleg. Kva meiner ein med "to ruller fuglefjell"? Eg har søkt i Kvasir, Store Norske Leksikon m.fl., men ikkje forstått noko av dette. Eg satsar på Tromsø fordi det er snakk om at det byrjar å mørkne. (Mørketid?) Her strekte ikkje min informasjonskompetanse til. Eg er mottakeleg for kommentarar...

4. Ifølgje leksjonen "Informasjonskompetanse 3" av Overland, bør ein bruke søkjemotor m.a. når ein har eit smalt omgrep ein er på jakt etter. "Heitapott" må vel seiast å vere eit smalt omgrep, så også her nytta eg søkjemotoren Kvasir. Utanom eit par studiebloggar frå i fjor, kom eg over mange sider på islandsk. Svaret på spørsmålet må då bli Reykjavik. Dersom eg var elev i barneskulen, ville eg truleg ikkje forstå så mykje av dette.

Eit nettspel av denne typen trur eg vil verke motiverande, sidan elevane her får praktisk erfaring med nettsøk. I leksjonen "Informasjonskompetanse 2" rår Overland til at vi lærer elevane at det siste ein gjer når ein skal vere på nettet, er å Google. Av eiga erfaring veit eg at det truleg er det første elevane vil gjere her. Og som ein ser i mitt forsøk på å svare på spørsmåla, Googla også eg, når eg ikkje fann svaret andre stader.

Om nettspelet det her er snakk om, vil fungere, er etter mitt syn avhengig av alderen til elevane og korleis ein legg opp arbeidet med det. Eg trur det kan høve for elevar frå 5.trinn, dersom ein går sakte fram. Då ville eg la elevane svare på spørsmåla i grupper, slik at dei kan diskutere det dei finn ut undervegs. Eg ville også la dei jobbe med berrre 1-2 spørsmål i veka over ein periode slik at dei får den tida dei treng til å vurdere kjeldene, t.d. etter kriteria TONE, som er utvikla av bibliotekarane Siv Marit Ersdal og Birgithe Schuman-Olsen:
TONE står for fire viktige nøkkelord som du kan bruke når du skal vurdere en informasjonskilde:
  • Troverdighet:    Er kilden sikker?
  • Objektivitet:     Er kilden nøytral?
  • Nøyaktighet:    Finner du slurv og juks?
  • Egnethet:         Kan du finne de svarene du trenger?
Eg synest dette er ein oversiktleg modell for kva ein skal sjå etter og tenkje over når ein skal vere kjeldekritisk. Som med det meste ein skal lære, bør ein byrje i det små og så byggje vidare på det ein har lært. Når det gjeld "troverdighet" kunne ein då byrje med at elevane må finne forfattaren til internettkjelda og sjekke om vedkomande har referansar til det han eller ho har skrive. Seinare kunne ein gå vidare på å studere strukturen til ei nettadresse osv.

Sjølv synest eg nettspelet var utfordrande nok for meg, eg brukte mykje tid på å finne fram til svara. Dette viser etter mitt syn endå ein gong at nettsøk er krevjande, informasjonskompetansen kjem ikkje av seg sjølv.

__________________________________________________________________________________

Kjelder:
Overland, J.: Leksjonane Informasjonskompetanse 2 og 3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar