søndag 28. mars 2010

Informasjonskompetanse 1 - øvingsoppgåve b

Eg underviser dette skuleåret mest på 3.trinn, og elevane mine får ikkje bruke mykje tid på å søkje etter informasjon på internett. Men eg har observert at mange av dei har gjort dette før. Dei finn raskt fram til Google og skriv inn søkjeordet. Når elevane mine skal søkje etter informasjon på nettet, har eg på førehand søkt sjølv og gitt dei gode søkjeord. Ofte har eg også funne fram til gode nettstader dei kan orientere seg på. Dette meiner eg er beste måten å gjere det på på dette trinnet.

Eg likte godt sitatet av Thomas Hylland Eriksen, der han m.a. seier: "Uten intelligente filtre til å sile bort uvesentlig informasjon, drukner vi i datahavet." Desse filtera bør vere innebygde i alle lærarar, slik at vi gradvis kan vere med på å byggje opp tilsvarande filter i elevane. Men så enkelt er det ikkje, dessverre. Eg har ofte hatt kjensla av å "drukne" i dette havet. Og når eg finn relevant informasjon, kan det like gjerne vere berre eit slumpetreff. M.a.o synest eg sjølv at det er både utfordrande og tidkrevjande å finne fram til relevant informasjon på internett. Ofte sit eg att med kjensla av at eg er ikkje er koma noko lengre etter å ha brukt tid på å søkje. Min eigen informasjonskompetanse kan altså heilt klart bli betre.

Ein av elevane mine skulle skrive ei faktabok om "The Simpsons". Sjølv om eg meiner elevane mine er for små til å følgje med på denne serien, prøvde eg å hjelpe han med å finne informasjon på nettet. Det var ikkje vanskeleg å få treff på tittelen. Når han så klikka seg inn på nokre av treffa, var det ikkje utan vidare enkelt å velje ut kva for ei kjelde som var best å bruke. Her stod han ved kanten av datahavet, i ferd med å "drukne" i informasjon. Elevane tek naturleg nok det meste av informasjon på internett for god fisk. Dei har ikkje føresetnad for noko anna i utgangspunktet.

Det at elevane bruker Google som søkjeverkty, stemmer med mine erfaringar. Nokre av elevane mine skulle nyleg skrive ei forteljing om spøkjelse, og dei ønskte då å illustrere forteljingane med bilete frå nettet. Etter biletsøk på Google fann dei også det dei leitte etter.

I leksjonen kan vi lese: "[...] de søker informasjon for å finne svar på sine spørsmål og i mindre grad for å skape mening." "Elevene er generelt oppgaveorientert, [...] de gjør det de blir fortalt." Dette stemmer med mine erfaringar, men det er eigentleg ikkje noko nytt. Det å skrive direkte av frå meir eller mindre relevante kjelder, gjorde elevar før internett også. Det viktigaste for dei, var å få utført oppgåva dei hadde fått, sjølv om dei ikkje forstod eit ord av det dei hadde skrive. "Elevene samler informasjon, søkingen er tilfeldig og mye av det de finner er lite relevant. Det blir klipp og lim." (Overland 2010:8)

Eg har ikkje anna erfaring med internett i ungdomsskulen enn som mor til ungdomsskuleelevar. Her har eg observert at Wikipedia er mykje brukt, så mine observasjonar stemmer med det Tord Høivik framheld, nemleg at Google og Wikipedia er mest brukt som søkjeverkty av elevar. Elevane finn som regel noko dei kan bruke her, men det er slett ikkje sikkert at dei finn dei mest relevante kjeldene. Dei tek gjerne det første og beste dei finn.

I skulen skal elevane etter 7.trinn t.d. kunne "[...] bruke bibliotek og digitale informasjonskanaler på en målrettet måte". (UFD 2006:46) Her er det viktig at læraren samtalar med elevane for å få dei til å stille kritiske spørsmål til seg sjølve, som t.d.: Kvifor skal eg kunne dette? Kva for nytte har eg av det? (Overland 2010:10) Å stille seg spørsmål av denne typen, er etter mitt syn noko av det viktigaste elevar og lærarar kan gjere på vegen mot god informasjonskompetanse.

________________________________________________________________________________

Kjelder:
Høivik, T. (2008) "Fire veier til kvalitet. Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital skole."
Overland, J. (2010) Leksjonen "Informasjonskompetanse 1"
UFD (2006) Kunnskapsløftet.

1 kommentar:

  1. Godt innlegg og samsvar mellom erfaringar og teori:)

    Eg også likar sitatet. Filter er bra: kognitive og fysiske. Var mange gode sitat i den leksjonen, altså.

    God påske!

    SvarSlett